Hopp direkte til innhold

Tampen brenn for oljefondet

Dei reviderte etiske retningslinjene for Statens Pensjonsfond er eit spanande bidrag i kampen mot fattigdom, men Regjeringa har meir å gå på for å skape det best forvalta fondet i verda.

Av Atle Sommerfeldt, Generalsekretær i Kirkens Nødhjelp

I Finanskomiteen si høyring om Stortingsmeldinga om Statens Pensjonsfond (SPU) den 29. april ga Kirkens Nødhjelp honnør for ei framoverlent melding og då særleg for satsinga på klima og miljø og tiltaka for styrka openheit. Ei tilstrekkeleg ansvarleg forvalting av fondet krev likevel eit høgare ambisjonsnivå og meir konkrete tiltak. Koplinga mellom oljerikdom og det globale fellesgodet klima gjev oss eit særskilt ansvar til å bidra i kampen mot fattigdom ogso med langsiktige investeringar.

Solid satsing på klima og miljø

Eit av de nye framlegga er eit miljø- og klimaprogram på 20 milliardar kroner for investeringar i grøn teknologi. Dette er eit viktig steg i rett retning, sjølv om 20 milliardar ikkje er meir enn i underkant av 1% av fondet sin verdi per i dag. Det er ingen grunn til å tru at den langsiktig avkastinga av investeringar i grøn teknologi er dårlegare enn for andre sektorar, dei vil i tillegg kunna bidra positivt til produktiviteten i andre sektorar gjennom til dømes energiøkonomisering og redusert ureining av vatn. Det annonserte forventingsdokument om klima er ein gyllen moglegheit til å skape positive konsekvensar for berekraftig utvikling gjennom å tydeleggjera konkrete forventingar til alle selskapa i SPU si portefølje.

Regjeringa har signalisert at det påtenkte programmet for investering i utviklingsland, i sokalla framveksande økonomiar, er inkludert i dei 20 milliardane. Det hadde styrka kampen mot fattigdom betydeleg dersom dette programmet hadde kome i tillegg til miljøprogrammet. SPU er avhengig av ein velfungerande verdsøkonomi. Dei framveksande marknadene er som omgrepet seier – veksande -, noko som tilseier at den langsiktige avkastinga i desse landa lett kan overgå OECD-området.

Openheit i finansstraumar

Openheit er det området der interessene til investorar og organisasjonar frå sivilt samfunn er mest samanfallande. Frå investorsida er størst mogleg tilgang til påliteleg og etterprøvbar informasjon med på å optimalisera investeringsavgjerdsla. Frå sivilt samfunn si side er større openheit sentralt for å få bukt med korrupsjon, skattesvindel og manglande demokratisk kontroll med felles ressursar. Dette gjeld ikkje minst i olje-, gass- og gruveindustrien, der Christian Aid estimerar at utviklingslanda tapar skatteinntekter på 160 milliardar USD årleg gjennom feilaktig internprising og falsk fakturering. Regjeringa sitt arbeide med å innføra internasjonale rekneskapsstandardar for land-for-land rapportering er soleis et viktig bidrag. Kirkens Nødhjelp forventar at SPU framover arbeidar aktivt for at selskapa i portefølja er dei fyrste til å innføre ein slik rapportering samt at det utarbeidast eit forventingsdokument som ogso stiller krav om openheit om selskapsstruktur, skatteinnbetalingar og lokalisering.

Observasjonsliste

Nytt av året er ei offentleg observasjonsliste som eit tredje verkemiddel i det etiske arbeidet. Me har tru på at ei slik liste kan vera eit viktig og godt supplement til det eksisterande arbeidet. Føremålet med ei slik observasjonsliste bør være todelt: For det fyrste å gjera det klart at det aktuelle selskapet har ein uakseptabelt praksis som må endrast, for det andre gje selskapet moglegheiter til å endra denne. For at ei slik liste skal ha størst mogleg effekt bør tilrådingane ha klare kriteria, både tidsmessig og innhaldsmessig for at eit selskap skal kunna strykast frå lista.

Medverknadsprinsippet og uttrekk

Uttrekk er eit klårt signal om at Regjeringa har konkludert med at det aktuelle selskapet er involvert i uakseptable brot på grunnleggande rettar og at der er lite sannsynleg at ein slik praksis opphøyrer. Det er eit dilemma at dei menneska som vert utsette for overgrep då står aleine att. Eit døme på dette er gruveselskapet Barrick Gold si framferd i Tanzania. På grunn av uakseptabel miljøhandtering i andre delar av Barrick si verksemd er SPU no ikkje lenger investert i selskapet. Samstundes er Barrick klaga inn for retten i Tanzania av lokalbefolkinga for mangel på kompensasjon for land etter tanzaniansk lov.

I ein slik situasjon er ikkje aktivt eigarskap lenger eit alternativ, men utifrå medverknadsprinsippet har den norske stat likefullt eit etisk ansvar for å ivareta interessene til dei direkte skadelidne. Den største gruppa uttrekkssaker omhandlar per i dag gruveindustrien og miljøskadar, der lokalbefolkinga og miljø vert sitjande med store miljøkostnader påført av selskap SPU har vore inne i. Støtte til "fri rettshjelp" vil i slike tilfeller vera ein god og etisk måte å ivareta interessene til dei som ber kostnadene ved uetisk forretningsdrift. Her har Regjeringa eit ansvar for å etablera mekanismar som sikrar at dei berørte kan få prøvd sakene sine for nasjonale eller internasjonale retts- og tvisteinstansar.

 

 

 

Publisert: 14.05.2009

Pressekontakt

Er du journalist og vil vite mer om Kirkens Nødhjelps arbeid? Ta kontakt med vår pressekontakt!

Tlf: (+47) 932 42 493

Eller seksjonsleder Sindre Stranden Tollefsen
Tlf +47 926 30 315