Skatt, naturressursar og openheit
I 1999 konkluderte ei analyse av korrupsjon og manglande openheit i oljesektoren i Angola med ei utfordring til olje- og gasselskap om å ”Publish What You Pay”, noko som resulterte i ei global kampanje som i dag tel over 300 sivilsamfunns-organisasjonar frå meir enn 70 land . Ein såg at enorme summar frå utvinning av felles ressursar aldri så dagens ljos, noko som la godt til rette for korrupsjon og manglande demokratisk kontroll med fellesskapet sine ressursar.
Det internasjonale pengefondet definerar om lag 50 utviklingsland som rike på naturressursar. Med dertil tilhøyrande potensiale for å redusera fattigdomen med eigne midlar. Dette er ”la raison d’être” for kampanjen; at fattige, men ressursrike land skal kunna nytta eigne midlar i kampen mot fattigdom. Dei tre kampanjekrava rettar seg både mot selskap og styresmakter – Publish What You :
- Pay: Selskap må offentleggjera alle betalingar av skatt, signaturbonusar og liknande til vertslandet;
- Earn: Vertslandet må offentleggjera kva dei får i inntekter
- How you spend it: Styresmaktene må offentleggjera korleis midlane vert brukte.
Alle desse krava er tufta på prinsippet om at godt styresett fordrar informasjon og demokratisk kontroll, og tek utgangspunkt i at felles ressursar bør nyttast til felles beste. Internasjonale selskap har eit ansvar for å bidra til, eller i det minste ikkje motverka, eit ope og rettferdig styresett som brukar skatten til beste for fellesskapet. Difor kravet om openheit.
Skatt versus bistand, case Angola
Og potensialet er stort! Eit land som Angola illustrerar tydeleg kva dette handlar om. Angola er eit utviklingsland rikt på naturressursar der rundt 70 % av befolkninga lever for under 2 USD per dag. I 2008 betalte Statoil over 27 milliardar kroner til den angolanske stat i form av skattar og profittolje, til samanlikning var det norske bistandsbudsjettet i 2008 på 22,6 milliardar kroner. I klassen av olje- og gassrike utviklingsland er Angola mellom dei som tek inn mest i skattar frå utanlandske operatørselskap, utan at dette ser ut til å koma befolkninga flest til gode. På den eine sida er den norske bistanden til Angola uvesentleg i eit kvantitativt makroperspektiv er. På den andre sida kjem dei store skatteinntektene frå m.a. Statoil, som slett ikkje er den største aktøren i landet, i altfor liten grad det fattige fleirtalet til gode. Det kan snarare sjå ut som om dei er med på å oppretthalda status quo. Kva bør då Noreg bidra med?
Godt styresett, der medverknad, openheit og rettferdig fordeling av fellesressursar vil vera eit monumentalt bidrag i kampen mot fattigdom ogso i Angola. Eit berekraftig og legitimt styresett må eigast av dei nasjonale aktørane, her spelar sivilsamfunnet ei sentral rolle. Utan eit kompetent, konstruktivt og kritisk sivilsamfunn er det vanskeleg å sjå korleis ein på lang sikt kan få ein situasjon der dei enorme inntektene frå olje og gass kjem befolkninga til gode. Svaret er ikkje å kutta bistanden eller å trekka Statoil ut av landet (enno), men at alle gode krefter, inkludert norske selskap, er progressive i å finna måtar å sikra at den angolanske staten brukar sine inntekter til beste for sitt eige folk.
Rike, men fattige - ressursforbanninga
Angola er nok ikkje heilt representativt for dei 50 utviklingslanda IMF definerar som ressursrike, men ressursforbanninga er vel kjent i så godt som alle av desse. Omgrepet skildrar det paradokset at land rike på naturressursar ser ut til å gjera det dårlegare i kampen mot fattigdom enn elles samanliknbare land. Ein av dei viktigaste bidraga i debatten sidan Jeffrey Sachs lanserte omgrepet midt på 90-talet er forskinga som ser på samanhangen mellom ressursforbanninga og kvaliteten på (offentlege) institusjonar. Her syner m.a. Kalle Moene m.fl. at gode institusjonar motverkar ressursforbanninga og dermed verkar positivt på utviklinga i landet.
For Kirkens Nødhjelp er dette eit viktig poeng og stadfestar den sentrale rolla våre nasjonale samarbeidspartnar har i å halda styresmaktene sine ansvarlege. Det styrkar oss ogso i fokuset på auka openheit frå alle aktørar i utvinningsindustrien, frå konsesjonar og kontraktar, og til finansstraumar nasjonalt og internasjonalt.
Sivilsamfunnet som pådrivar
Kirkens Nødhjelp arbeider i dag med denne tematikken både gjennom våre landprogram i t.d. Zambia, Mauritania og Tanzania, og ogso på det politiske plan for m.a. norsk implementering av EITI, støtte til land-for-land rapportering som ny internasjonal rekneskapsstandard og med krav om innføring av slik rapportering for norske selskap i påvente av det internasjonale arbeidet under IASB.
Eit kompetent, kritisk og konstruktivt nasjonalt sivilsamfunn er den beste og einaste legitime garantisten for ei open og rettferdig forvalting av nasjonale ressursar. Difor har PWYP Noreg, saman med Kirkens Nødhjelp og den halvstatlege stiftinga Petrad sett i gong eit globalt opplæringsprogram for sivilsamfunn i ressursrike land. Med utgangspunkt i den norske erfaringa med kontroll over konsesjonar, lisensiering og inntektsstraumar, saman med internasjonale ekspertise på budsjettovervaking og beslutningspåverknad er no 27 deltakarar frå 7 afrikanske land i ferd med å avslutta dei tre modulane i programmet. I 2010 står Latin-Amerika for døra i neste etappe av det mykje etterspurde NORAD-finansierte programmet.
Selskap og nasjonale styresmakter er ansvarlege for ei rettferdig fordeling og bruk av inntekter frå olje-, gass- og gruvesektoren. Sivilsamfunnsorganisasjonar er garantisten for sosial kontroll. Potensiale for fattigdomsreduksjon er enormt. Mao
Publish What You Pay – Earn and How You Spend It!
Per N. Bondevik
Politisk rådgjevar, Kirkens Nødhjelp

- http://www.globalwitness.org/media_library_detail.php/93/en/a_crude_awakening, 1999
- http://www.publishwhatyoupay.org/
- http://www.statoil.com/AnnualReport2008/no/Finance/SpinOffs/Pages/4-4-1_OverviewOfActivitiesByCountry.aspx
- Torvik, Mehlum og Moene, 2006; "Institutions and the Resource Curse", The Economic Journal, 2006, 1-20,
- International Accounting Standards Board