
Tekst og foto: Ledsager Astrid Nåvik Braut
Torsdag 18. august kom dei første meldingane om terroråtak mot israelske bussar sør i Israel.
Svaret på dette var bombing av mål i Gaza, og sidan har situasjonen i området vore usikker og utrygg. I Jerusalem har det vore mange rykte om terroråtak og sikkerhetsnivået har vore høgt. Medan situasjonen eskalerte, var det betydeleg nærvere av soldatar og politi byen. Det var tåregass, stenging av nokre område i gamlebyen og samanstøyt mellom ulike grupper.
Uforutsigbart dagligliv
For dei som bur og arbeider i Jerusalem påverkar den spente situasjonen dagleglivet. Ein butikkeigar i hovudgata i gamlebyen sa dette: - Det har vore heilt vilt. Gata her vart stengd, opna og stengd igjen. Slik heldt det fram utover natta, medan folk eigentleg berre ville handle og ha det kjekt i byen.
Problem på kontrollpostane
Fredag vart ein vanskeleg dag på Qalandiya kontrollpost. Tusenar av muslimar ville inn til fredagsbøna ved Al Aqsa-moskeen i Jerusalem. Dei hadde papir i orden og rekna med å koma inn. Mange kom også inn gjennom Qalandiya, men vart sende tilbake frå neste kontrollpost heilt inne i byen, sidan reglane hadde endra seg medan dei var undervegs. Ikkje så rart at desse kom frustrerte tilbake til Qalandiya. Dei fekk jo ikkje be den viktige fredagsbøna si likevel.
Kva skjer no?
Det er siste veka i Ramadan, og palestinarane verkar meir slitne enn kamplystne. Hamas har nok med å kontrollere terroristfraksjonar i Gaza. Israel har fått uventa problem på grensa mot Egypt, samt kontroll på opinionen i sitt eige land. Nett no er stemninga rolig, men avventande spent. Igjen er det det uforutsigbare som pregar livet her. Situasjonen kan endre seg fort, og vi er budde på meste. I mellomtida gjer vi som dei fleste gjer her: Held fram med det daglege arbeidet og håper dette skal gå bra.