
Oppvisning i dabke - palestinsk folkedans. Busetnaden Suseya i bakgrunnen.
Tekst og bilete av Live Håberg, ledsager i Yanoun
I South Hebron Hills blir mange av landsbyane truga både av trakassering frå busetjarar og rivingsordrar frå israelske styresmakter. Landsbyen Susiya er ikkje noko unntak, men innbyggjarane og deira støttespelarar nektar å gi opp. Ein laurdag i mai var det klart for festival i landsbyen.
Engasjement frå mange kantar
Både israelske, palestinske og internasjonale fredsaktivistar har engasjert seg i situasjonen til den vesle teltlandsbyen Susiya, som ligg heilt sør på Vestbreidda, i området som blir kalla South Hebron Hills.
I mai 2010 opna «Susiya Creative and Learning Center», eit samarbeid mellom folk i landsbyen og dei engasjerte utanfrå. Senteret er eit enkelt telt, men rommar ulike aktivitetar og tiltak knytt til kreativitet og læring. Her er hebraiskundervisning for folk i landsbyen og arabiskundervisning for israelarar og internasjonale. Mange av kvinnene i Susiya har blitt utstyrte med kamera og fått opplæring i fotografi, og sidan fotografert livet i landsbyen.
Eittårsfeiring
Eittårsdagen til senteret 28. mai vart feira med festival. Det kom bussar med israelarar frå Tel Aviv og Jerusalem, og palestinarar frå heile South Hebron Hills tok turen. Fleire hundre menneske var samla for ein retteleg festdag. På programmet stod drakeflyging, den palestinske folkedansen dabke og gjøglarar. Kvinnene frå fotografiprosjektet inviterte til fotoutstilling i heimane sine. Stemninga var høg.
Vanskelege tilhøve
Folk i Susiya lever til vanleg av dyrehald og jordbruk. Området landsbyen ligg i er kontrollert av den israelske hæren, noko som gjer konstruksjon av bygningar og infrastruktur omtrent umogleg. Mange av telta i landsbyen har blitt rivne etter ordre frå israelske styresmakter, og folk her lever i stor fattigdom. Like ved ligg busetnaden Suseya. Når det er sabbat, let busetjarane ofte sauene sine beite på landsbyen sin eigedom og frårøvar innbyggjarane i Susiya slik ein viktig del av livsgrunnlaget deira.

Klovnar held auge med busetjarar og soldatar som viser teikn til å nærme seg festivalområdet.
Busetjarane var tilskoderar
Også denne dagen blei vi minna på skuggesida av livet i Susiya. På ein liten bakketopp nær busetnaden stod busetjarar og soldatar og såg på feiringa. Nokre av dei viste teikn til å komme nærare, og festivalfolket var ei stund urolege for at dagen skulle bli øydelagt av ubudne gjester. Heldigvis gjorde dei retrett, og festen kunne halde fram.
Både senteret og festivalen i Susiya er glimrande eksempel på at palestinarar og israelarar kan skape noko saman, og gir håp for framtida.